Svein Erik Håkonsen, aka DJ Prinsen Paulista, har drive konseptet Balkan Beat Party i Oslo og på festivalar rundt i landet i ei årrekkje. Med stor kjærleik for tuba, saksofonar og heftige beats frå Aust-Europa har han knust mytene om at brassmusikk ikkje fungerer på dansegolv gong på gong. Gothenburg Gadjos er truleg blant dei mest drevne balkanmusikarane i Skandinavia. Dei starta bandet i 2011 etter to vekers intensiv speling på gata i Berlin, eit opphald som førte dei fram mot det unike uttrykket deira som dei kallar TALLAFUNK! Gadjos leverer tunge beats frå klubbscenen kombinert med enda tyngre jazz sterkt inspirert av tallava frå Albania, Kosovo, Serbia, Makedonia og Bulgaria. Det som starta som eit klassisk Balkan brassband har blitt slanka ned til fem musikarar på trommer, perkusjon, tuba, trompet og saksofon, men det dei eventuelt mista i volum tek dei att i tette grooves, improvisasjon og sitt hypnotiserande lydbilete.     

Ferhat Deniz Fors - perkusjon
Per Brehmer - trommer
Ruhi Erdogan - trompet
Jonatan Ahlbom - tuba
Otis Sandsjö - saksofon

Trondheimsveien 16 er i fylgje dei sjølve «bandet som høres jævli bra ut etter et par øl!» Dei er eit relativt stort knippe særs gode musikarar som har fyllt opp sekken sin med musikk frå balkan, blanda det med sigøynertonar, Klezmer og ellers det meste aksen Noreg – Tyrkia har å koma med musikalsk, og av dei ingrediensane har dei brygga sin eigen form av Balkan Boogie. Bandet har halde på i over ti år og har eit fabelaktig rykte som liveband. T16 har mange medlemmer som bur relativt spreidd, så dei spelar ikkje så ofte, men no og då tek dei turen opp frå dei myrkaste avkrokane i hovudstadens undergrunn for å få folk opp av sofakroken for å danse seg sveitte utover kvelden.