Balkan Beat Party og Bakkjens Basar slår pjaltane saman nok ein gong, og denne gong inviterer me til heilaften med det svenske superbandet Räfven, og sjølvsagt heftige beats frå Balkan Beat Party in person; DJ Prinsen Paulista!

 

Beinhard Elektrisk Balkan mikset på klissen ipad. by Dj Prinsenpaulista on Mixcloud

 

 

"Publiken är dessutom förbehållslöst förälskad och när Räfven drar upp riktlinjerna för hur de ska bete sig lyder de minsta vink. Det kokar, bubblar och svettas. Det hoppas, skuttas, dansas och gapas med. För ärligt talat, handen på hjärtat, säg den person som kan motstå dessa halvnakna sprattelgubbar som studsar upp och ner och sprider såhär mycket fart, glädje och kärlek. För den personen är död inombords" - (Göteborgsposten)

Svein Erik Håkonsen, aka DJ Prinsen Paulista, har drive konseptet Balkan Beat Party i Oslo og på festivalar rundt i landet i ei årrekkje. Med stor kjærleik for tuba, saksofonar og heftige beats frå Aust-Europa har han knust mytene om at brassmusikk ikkje fungerer på dansegolv gong på gong. Med seg til å fylle kvelden har han eit liveband frå aller øvste hylle innan sjangeren, Räfven!
Det sagnomsuste ompabalkanklezmerbandet Rävfen frå Gøteborg kjem attende til Oslo med plate nummer seks ”Bring Back The Dinos” i bagasjen som vart slept i mai. Som vanleg kjem dei for å spreie glede og energi med sin eksplosive musikk, speleglede, viritousitet og smittande humør. I Sverige reiknast Räfven som eit av landets villaste og beste liveband, ein slgs troll med åtte hovud som vert transformert til ein organisme som leverer ein totalt frenetisk og utemma miks av all mogleg musikk. Ein kan høyre finsk tango, klezmer, sigøynerpunk og balkan i denne miksen, enten etter kvarandre eller alt på ein gong! Räfven starta opp som en omreisande gateorkester i 2003, og har åtte faste medlemmer. Bandet har frå før gjeve ut fem kritikerroste album, men det er likevel som liveband at tilbakemeldingane er over the top. Dette skuldast truleg at dei har spilt hundrevis av konserter og opptrådd på uttallige festivalar rundt i store deler av verda sidan oppstarten med Glastonbury i England, Fuji Rock Festival i Japan som høgdepunkt - og vonaleg står også Vinjerock, der publikum kokte, blant dei gode opplevingane deira.

 

Jonas Lundberg - gitar
Loke Nyberg - fiolin
Martin Nurmi - saksofon
Daniel Wejdin - tambura
Johan Wejstål - trekkspel
David Fraenckel - trombone
Rasmus Blanck - kontrabass
Per Svenner - trommer, perkusjon