Austestad skildrar albumet som ein nynorsk hyllest til 70-talets countryfolk, inspirert av smidigheita til Bill Withers og slagkrafta i The Last Waltz. Dette vert ein musikalsk kveld av det massive slaget.
For på venterommet til Austestad finn du eit framifrå orkester:

 

Hans Martin Austestad – vokal, gitar, banjo
Sondre Meisfjord – bass
Dag Erik Knedal Andersen – trommer
Bjarne Gustavsen – tangentar
Kristian Forstad – gitarar og pedalsteel
Mats Joachim Johnsen – trompet
Kristoffer Kompen – trombone
Børge Are Halvorsen – saksofonar

Og ikkje nok med dette; bandet vert ytterlegare forsterka med kometmusikarar frå Vestfold Jazzensemble, som består av vitale unge musikarar som har si konservatorieutdanning frå stader som NTNU, NMH og Rytmisk Musikkonservatorium i København.