Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde er av dei mest aktive spelemennene vi har her i landet, og saman med Espen Wensaas på cittern og Svein Tore Werstad på saksofon utgjer dei to Aslak Brimi Kvartett.

Gjennom fleire år har Aslak arbeidd med å komponere slåttemusikk i gamal stil, der den nye musikken har ulike sinnelag og stemningar, med fela som det naturlege midtpunkt. Med det som utgangspunkt leverer dei fire tettvevd og fargerikt slåttespel tufta på tradisjonsmusikken frå Lom. 

 Kvartetten vart Spellemann-nominert for sitt forrige album “VEV”, og no kjem dei attende med ny og spennande musikk på albumet “ISOMERI” der dei røynde musikarane på nytt gjev oss tettvevde og fargerike slåttar. Det er melodiøst og velspelt, og tydeleg inspirert både av tradisjonelt slåttespel frå Gudbrandsdalen og kammermusikk.  


Aslak Brimi - fele
Bjørn Kåre Odde - fele
Svein Tore Werstad - saksofon
Espen Wensaas - mandola, mandolin, cister, bouzouki, gitar
Gjestemusiker - Mari Midtli