Solo trekkspel frå Finland, duo med to durkdrevne norske folkemusikarar og trio med landets fremste improvisasjonsmusikarar opnar sesongen på Bakkjens Basar!
Antti Paalanen (FIN) er eit levande instrument! Han heng saman med instrumentet sitt, treraderen, som om dei var fødd saman og dreg publikum inn i ein hypnotisk og svært suggerande sfære der han brukar instrumentet og seg sjølv til alt dei er bygd for – og mykje meir! Debutskiva til Antti, Breathbox, kom ut til stor åtgaum blant anmeldarar og publikum i 2011. I vår kom han med ny plate, Kraftsman, og me har store forventningar.  For alle som likar instrument med belg er dette høgtid, for dei som trudde dei ikkje lika det er det berre å ta turen, og bli omvendt!

Revolver er Clash of the Titans innanfor norsk folkemusikk! Multiinstrumentalisten Anders Erik Røine, kjent frå duoen Sudan Dudan, samarbeid med m.a. Odd Nordstoga, Valkyrien Allstars, Espen Lind og Little Steven (Lilyhammer). Daniel Sandén-Warg, også multiinstrumentalist, har ikkje noko dårlegare meritter; musikar og bakmann i m.a. den svenske supergruppa Harv, Mozarts tryllefløyta i folkemusikkdrakt, Odd og Åsmund Nordstoga, duoane Rammeslag og Warg/Buen, Det Norske Teatret, Västanå Teater m.m.Dei søkjer etter den grunnleggjande rocken dei meiner finnest i folkemusikken, og dei gjer det på munnharpe, gitarar, langeleik, moraharpe og ulike feler. Summen av det dei held på med vert noko me ikkje har høyrt før, men som likevel høyres kjent ut; ein miks av Jimi Hendrix og Torleiv Bjørgum som møter Keith Richard og Tom Waits  på ein pub i ei bakgate i New Orleans. Det er skeivt, sveitt og trykkande – det er Revolver!

Stor Overraskelse
Det var ein ganske stor overraskelse tidlegare i år då meldinga om at hiphopgeneralen frå Fredrikstad Per Olav Hoff Mydske, aka Skranglebein, kom inn som kvedar på utøvarstudiet ved Spelemannsskulen på Voss! Denne overraskinga skal me no få vera med på vidareutviklinga av då Skranglebein tek med seg våpendragarane sine i trioen Stor Overraskelse; Nils m/Skils, internasjonalt anerkjend rappar og drittslengar og beatboxguruen Droolian, og gjer ein av sine få opptredenar hausten 2014. Dei får med seg musikarar dei måtte finne backstage eller på bussen opp på scenen til ein kveld med frie musikalske tøyler, og inkluderer publikum til å lage eit improvisert univers på utsida av samfunnet der alt er lov, alt er uventa og absolutt alt vert framført for fyrste gong. Gjer klar ord og uttrykk du trudde det var vanskeleg å lage rim på og ta dei med – og vert overraska!