Anders Røine frå Rødtvedt i Groruddalen er blant verdas beste utøvarar på munnharpe, kjend som gitarist i duoen Sudan Dudan og supergruppa Reolo m.fl. Han er også langeleikutviklar, fele- og hardingfelespelemann, spelar fretless banjo, munnspel og mykje meir. Han har medverka på plater med m.a. Odd Nordstoga, Valkyrien Allstars, Sigrid Moldestad og Ingebjørg Bratland, laga musikk til Lilyhammer med Little Steven og fekk Spelemannprisen for filmmusikken til stumfilmen Kristine Valdresdatter. Han har vore produsent på eit uttal folkemusikkplater og vunne landskappleiken på nettopp munnharpe mange gonger. Ingen veit kva for instrument han har fylt opp bilen med denne gong, men at det vert eit morosamt, leikande og viritoust Fyrispel er me sikre på….

 

Anders Erik Røine - ingen veit