Thov Wetterhus frå Nore har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn fem gonger, no seinast i 2016! Det energiske eggande spelet til Numedølen har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar og dommarar dei seinaste åra, og den knallharde grooven hass har blitt lagt merkje til av musikarar langt utanfor folkemusikken. No vert det høve til å høyre den viritouse unge mannen med munnharpe på Riksscenen.
Alexander Aga Røynstrand kjem frå Granvin i Hardanger. Han byrja å spela hardingfele med Knut Hamre som lærar i kulturskulen berre 7 år gamal, og har seinare hatt læremeistarar som Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Torgeir Straand, Frank Rolland, Susanne Lundeng og  Øystein Velure for å nevne nokon. Han har delteke på ei rekkje kappleikar og arrangement sidan han var 12 år og har studert folkemusikk ved Høgskolen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Etter konserten kjem generalen for folkemusikkens svar på bokbadet, Ola E. Bø, på podiet og har ein uformell samtale om store og små viktige ting med dei to karane.

Vel møtt!

Alexander Aga Røynstrand – hardingfele
Thov Gudbrand Wetterhus – munnharpe