Riksscenen nyproduksjon
11
fredag
03
nov. 2017
Dørene åpner 2000
Konsert 2100
Billett 250/175
11
Valkyrien
Oslo_World_2017_colour-kopi[2]
ARRANGEMENTET ER AVLYST

OSLO WORLD MUSIC FESTIVAL

AFENGINN / VALKYRIEN

Afenginn

A towering force in modern Nordic music” -  (fRoots)

Afenginn har heilt sidan oppstarten i 2002 utfordra sitt musikalske univers med stadig nye retningar og uttrykksformer bakt inn i musikken og arrangementa. Det starta opp med inspirasjon frå Aust-Europa, noko som framleis er med, men Kim Nyberg &  co har latt seg inspirere av så mykje meir enn det. Det svevar sømlaust mellom klezmer, balkan, film noir, nordisk folk og drøymande musikalske epos.
Den siste utgjevinga “Opus” er eit godt døme på nettopp dette. Skiva er eit 84 minutt langt opus som utan pause tek deg gjennom fire akter. Plata mottok ikkje mindre enn fire prisar under “Danish Music Award for 2016” og den har hausta fantastiske kritikkar frå presse i både inn- og utland.

★★★★★★ "A symphonic masterpiece..." (GAFFA)


Kim Rafael Nyberg -  mandolin, piano, komponist
Rasmus Krøyer - klarinett, bassklarinett
Niels Skovmand - fele
Erik Olevik - cello, bass, synthbass
Kaare Munkholm -  marimba, vibrafon, piano
Gustav Rasmussen - trombone, basstrombone
Knut Finsrud - trommer, perkusjon
Ulrik Brohuus -  trommer, perkusjon


 

Valkyrien

Bandet som tidlegare titulerte seg Valkyrien Allstars, held framleis koken gåande etter over ti år, og toppa det heile i 2016 med plate nummer fem  “Prøv å si noe til meg nå”, ei utgjeving mange held som den aller beste bandet har gjeve ut så langt. Dei har fortsatt med å utfordre rammene i folkemusikken ved å implementere element frå både felespel og kveding inn i nye låtar, rammer og arrangement, men heile tida med signaturen sin skrive med store bokstavar.

“Dette er en plate med store kontraster, men på et punkt er den lik hele veien: Den er veldig god” - Geir Rakvaag / Dagsavisen

 

Valkyrien Allstars er fyrst og fremst vokalist og felespelar Tuva Livsdatter Syvertsen, kjend frå Stjernekamp og Korslaget, og multiinstrumentalisten Erik Sollid som har vore med heilt frå oppstarten. Saman med Magnus Larsen jr. på bass og Martin Langlie lagar dei musikk med solid forankring i folkemusikken samstundes som den er eksperimentell og nyskapande. Kvartetten har gjennom åra utvikla seg til å bli eit lokomotiv innanfor nyskapande band i folkemusikken, og er blant dei få som meistrar å kombinere asymetriske springarar med smektande populærmusikk.

“Valkyrien er blitt et annerledes band, men er minst like bra som før, om ikke bedre” - Geir Vestad / Hamar Arbeiderblad


Tuva Livsdatter Syvertsen - vokal, fele, hardingfele, trøorgel m.m.
Erik Sollid - fele, hardingfele, vokal, gitar m.m.
Magnus Jr. Larsen - kontrabass
Martin Langlie - trommer, trøorgel

 
#3747767