Telemarkfestivalens tingingsverk Aalka undersøkjer grunnsteinane i oss menneske, og skapar noko nytt ut frå tradisjonane bandets tre vokalistar står i; sør- og umesamisk joik, kvedartradisjonen frå Setesdal og finsk runesong og kantele-spel. Marja Mortensson, Sigrid Kjetilsdotter Jore og Maija Kauhanen er dyktige tradisjonsberarar, formidlarar og fornyarar. Aalka er eit musikalsk møte mellom desse tre og eit forrykande band, leia av kapellmeister og kaptein Ellen Brekken. Det publikum får høyre er både nyskrive og gamalt. I arrangementa leikar bandet med dei ulike stemningane i musikken, improvisasjon og det rytmiske drivet og særpreget som kjenneteiknar dei ulike tradisjonane.

 

Tre utøvarar, tre vokaltradisjonar: Marja Mortensson er ei av dei viktigaste berarane og formidlarane av sør- og umesamisk joiketradisjon. Ho er glad i å fornye joiken, og lar folk få kjenne at noko så tradisjonelt framleis er så i live og dagsaktuelt. Når joiken begynner har den ingen slutt. Sigrid Kjetilsdotter Jore er ein kraftfull formidlar av den UNESCO-lista tradisjonen frå Setesdal. Ho er også med på å utvide tradisjonen ved å leite fram bortgløymde skattar frå arkiv, og lage eigne tekster og tonar. Maija Kauhanen er kantele-spelar, songar og perkusjonist, og er ei av Finlands mest vellykka folkemusikarar internasjonalt. Maija fordjupar seg i dei mange tradisjonelle spelestilane på den sjeldne kantelen frå Saarijärvi, og utviklar stadig nye speleteknikkar så vel som nye instrument.

 

Marja Mortensson – joik, Sigrid Kjetilsdotter Jore – sang, harpeleik og munnharpe, Maija Kauhanen – kantele, sang og perkusjon, Ellen Brekken – bass, Johanne Flottorp – hardingfele, Marius Trøan – perkusjon

PS! Konserten gjennomføres uten Marja Mortensson grunnet sykdom.