MAJORSTUEN

I eit snes år har Majorstuen utforska den norske folkemusikkarva og presentert sine eigne stilistisk sterke komposisjonar. Deira utforskande og humoristiske innstilling til musikk har gitt dei mange prisar og rekruttert stadig nye publikumsgrupper til folkemusikksjangeren. Deira lyst til å utfordre seg sjølve, den utradisjonelle bruken av feler, bratsj og cello, og nytenking i scenisk formidling har imponert og rørt folk i alle aldrar over heile verda. Til konserten har Majorstuen med seg både hits frå heile karriera og musikk frå sitt jubileumsalbum «Jubel». Det sistnevnte er både eit utropsteikn og eit punktum for bandet, når Majorstuen no gir seg med flagget til topps etter tjue år. Kva passar då betre enn å hente inn forsterkingar frå sine tidlegare stjernemedlemer Andreas Ljones og Gjermund Larsen til ein heidundrandes jubelfest? 

 

Jorun Marie Kvernberg - fele
Bjørn Kåre Odde - fele, bratsj
Synnøve S. Bjørset - fele
Anders Löfberg - fele, cello
Tove Hagen - fele, cello
Gjermund Larsen - fele
Andreas Ljones - fele